Dagbok

Her vil vi skrive litt om kva vi driver med, mest for å kunne gå tilbake og sjå kva det var vi har trena på. Kva var bra og kva må vi gjere bedre.

06.april

Hadde så lyst til å få gjort noko i dag også. I går var det bursdagsfeiring så da vart det ingen ting.

Prøvde meg på eit felt søk på jordet med Champi. Hadde lagt ut mange ting og det var i alle fall ikkje lurt for ho lukka fleire ting samtidig og sprang rundt å hadde det veldig moro.  Men det er ikkje sånn eit feltsøk skal vere så no har eg lært at dette må settes i system. Blir nok ein og ein ting heretter og det skal apporteres riktig. Ingen tygging Blir nok litt for "høg" så da er apporteringen glemt. Vart tygging og det vil vi ikkje ha.

Daisy gjorde det bra, men var veldig søklysten og måtte styre ho litt for at ho ikkje skulle gå for vidt, men det er greit å få trent på det og.

Etterpå reiste vi til Gol for å møte Gunn Eva.

La blodspor på asfalten utenfor bohus.  Dette fekk Daisy gå etter ein time. Ikkje interesse i det heile tatt. Gjekk litt framover og så datt ho ut, så litt framover igjen og så datt ho ut. Gjekk heile sporet, men det tok tid. Skal teste ho på dette seinere også. Virka som ho ikkje skjønte det når det låg på asfalten. Men det er berre tull for ho skal gå alt som er av spor.  Slikka på blodet og meinte nok at det var belønning og ikkje spor.

Så vart det litt lydighet med Champi. Sånn passe syns eg. Litt fri ved fote og så terper vi litt på stå. Litt dekk og bli vart det også.

Lydighet prøver vi i morgen igjen. Håper det ikkje er så kaldt da!!!!!!!!!!!

2. april

Spordag i skogen sammen med Gunn Eva og Ingrid.
Ingrid og Vino trente på sporoppsøk, Gunn Eva og eg  på spor. Gunn Eva hadde lagt eit morsomt spor for Daisy og ho overraska stort i dag. Var veldig spornøye og viste meg straks ho var ute av sporet med å sette opp nasen og snu for å finne tilbake til sporet igjen. Før har ho berre satt opp nasen og ned igjen for å fortsette
Dette var moro. Får håpe ho fortsetter slik framover. Det kan hende ho har gått av å ha litt konkuranse med å ikkje få vere med kvar gong.  

Gjekk også ut eit spor for Champi med 5 pinner. Hadde lyst til å sjå om ho markerte på pinnene. Ho gjekk sporet veldig nøye og markerte på alle 5 pinnene med å ta dei opp. Avlevering får vi trene på siden. Dette var moro! 

Håper dette fortsetter framover! Da blir det kanskje å starte på brukshundkonkuranse til høsten!

April 2012

Dette skal bli ein måned med mye trening. Masse som skal læres denne våren/sommeren.

I dag har vi prøvde oss på feltsøk! Det var moro å sjå korleis Champi tok det.
Hadde lagt ut to pinner først og så henta eg Champi. Ho fekk sjå på at eg la ut 3 andre ting (hanske, bit av hageslange og plastikting). Sendte ho ut og ho søkte godt. Såg at ho snudde så fort ho kom utenfor feltet som var på 15 meter breitt og ca 25 meter langt. Ho fann først trepinnen (som vi bruker i bruks) og apporterte den. Kom inn med den og avleveringen var ikkje noko vi brydde oss om. Ho slapp den straks ho kom inn. Ut igjen og fann neste pinne. Etterpå vart det det som ho såg eg la ut. Dette skal vi passe på  å trene på på jordet no som det er mulig. Såg at ho brukte nesen og lette veldig godt på slutten.

Etterpå fekk Daisy prøvd seg. Har aldri sett ho så kjapp. Ut og søkte og apporterte gjenstanden. Kasta seg rundt og sprang inn som eit lyn.Har aldri sett ho har hatt sånn fart! Ho hadde godt av å måtte stå inne og vente mens eg tok med Champi ut

Har godt eit blodspor på jordet med Champi i dag. Det låg berre eit par timer. Ho starta og gjekk så bra over jordet og over ein bekk, opp i skogkanten og fulgte den nedover og ut på jordet igjen. Over bekken og over jordet. Tilsammen 6 vinkler så dette var bra. Det var ein vinkel som ho gjekk inn i skogen i staden for å vinkle, men eg holdt ho igjen. Trur ho hadde snudd å kommet tilbake igjen, men ville nok sjekke under eit tre der. Ho gjekk rett på vinkelen og fortsatte sporet i mål. Veldig fornøgd.

Har trena litt stå også i helga. Må få ho til å skjønne komandoen heilt. Ho skal på utstilling 14. april så vi krysser fingre for at ho skal holde seg noen lunde bra av kløen

Mars 2012

Mars 2012 er vi blitt C godkjent lavinne. Dette var målet i vinter. Neste år skal vi prøve oss på B-godkjenning. Vi tar ingen ting for gitt og får håpe vi har like stor framgang neste vinter som i år så skal det nok gå bra.

No begynner sommertreningen.

Har prøvd 2 blodspor på Champi. Ho går veldig nøye så dette blir moro framover. Ser at eg ikkje kan bruke serpentiner for dei slår ho på. Er jo om å gjere at ho holder nesa ned. I fjor høst trena vi berre på asfalt og grus og det har vi nok igjen for no. Ho er blitt veldig nøye.

Daisy må vi trene grusspor og asfalt med framover. Ho har full kontroll på sporet, men tar seg den frihet og sjekker området rundt samtidig. Det kan jo hende det har vert noko spennende vilt her

Februar 2012

Da er halve februar gått og vi er gått i gang med lavinnetreningen.

Ser ut som dette er noe Champi liker. Ho lar seg ikkje distrahere av andre. Har veldig fokus  når ho er i gang med graving for da er det som teller.  Ho har fått prøvd å søke på  liten fert også. Ho blir flinkere og flinkere på det   Så vi skal videreutvikle dette no. Trur ho blir flink etter kvart.
Til helga blir det søk fra skuter. Det blir spennende å sjå korleis det går.

Vi er i gang med lydighet også. Skal i alle fall trene ein kveld i veka sammen med andre så Champi  lærer seg å takle forstyrrelse.  Det blir det jo nok av etter kvart. 

Har vert ein god del på ski. Daisy får springe laus og champi er "trekkhund" Daisy har problemer hvis det blir for kaldt. Ho blir veldig stiv i skuldra.Men no er vel det verste av vinteren forbi så vi skal nok takle det også. 
Daisy er så grei  å ha laus for ho springer ved siden eller like framomSånn blir nok aldri "turbo"Champi nei. I alle fall ikkje på mange år enda!



 

2012

Vi har starta året med mange skiturer.

Har også starta lavinnetreningen med Champi. Blir spennende framover.....

Ho var i alle fall ikkje redd for å gå inn i hula.  Må få ho til å bli meir interessert i leik slik at det blir veldig jevt å komme inn. Det skal vere topp å komme dit Eg syns ikkje det for eg har klaus Det ser ut som det er mat som er best foreløpig..............Så lenge vi ikkje veit kva ho er allergisk mot så får ho egne allergiforbiter og trur egentlig ikkje at det er like jevt som pølse..........

Hadde håpa at alle tegn på allergi var over no etter antibiotika kuren, men ser at det kommer igjen antydning til allergiutslett under buken Eller er eg blitt heilt hysterisk Skal nedover til kontroll når vi er ferdig med kortisonbehandlingen i slutten av januar. Ho har hatt masse utslett under buken og det var ein hudinfeksjon der. Starta i juli etter at eg såg at ho vart bitt av masse knott etter trening på Torpomoen. Har hatt eit håp om at det var det som har gjort det. Det er sendt inn blodprøver av ho og dei viste ingen tegn på allergi, men det kan ofte vere sånn på unge hunder. Vi må berre ta tida til hjelp. 

Høsten 2011

Litt oppsummering av høsten 2011.

Det vart ein god del jakt, men desverre vart det ikkje skutt noen dyr for hundene.

Det var ikkje rådyr i området før siste dagene av jakten. Det var oppservert ei stor hann gaupe i området så den forsynte seg nok grovt. Det blir sagt at den tar eit dyr i uka.

Champi viser gode egenskaper så vi gleder oss veldig til å fortsette med ho. Har hatt mange lange loser. Er kanskje litt redd for at ho er litt laus i losen, men håper at det kommer seg etter kvart. Må vere mer nøyaktig å prøve å sette ho på spor der det er oppservert dyr neste år så ho ikkje springer å loser på alt.

Daisy er veldig flink til å søke ut og har hatt fleire lange hareloser, men skulle så gjerne hatt rådyr i området.

Daisy var på jaktprøve i Sverige og det vart ein veldig nedtur. Det var rådyr i området, men ho fann grevlinghi og det var meir interessant for ho. Vart heilt blokkert. Ho har vist veldig interesse for både rådyr og hare før så det var ikkje i tankene at det skulle gå slik. Men ho har vist veldig interesser for råvvilt så det er vel slik at finn ho det så går ho heller på bjørn, villsvin osv. ..............

Men Daisy er no litt egen av seg så ho vil gjere som ho vil, men vi er no like glad i ho alikevel  

Ho har vert veldig tålmodig med Champi, men no har ho "heldigvis" begynt å sette ho på plass. Serlig når dei er ute blir ho lagt i bakken og ho står over ho og holder ho nede. 

Champi var på utstilling i romjulen. Det vart very good. Kommentaren er bra så det kommer seg nok neste gang:
Vg. type, prog. Needs better t.line, mov.
V.ang inf. & b.
G. quality coat for age. G. mov.
Mark

Tyde det dei som forstår slikt. Er litt usikker på kva meines med  "better t.line".
 
Iris (Daisys valp) var der også og ho vart champion  

Både Ilva og Iris er no champion. No får vi sjå kva 2012 byr på............Kanskje blir det fleire av valpene som blir det. Men da må dei stillast ut...........

September

September har gått med til trening av hundene i skogen.

Champi er  blitt veldig flink. Har losa på hare flere ganger. Har vert så heldig at eg har sett haren.

16.-17. og 18 september hadde vi ei trivelig jakthelg sammen med Kari og Gunnar, Bente og Arne og dei firbeinte på Golsfjellet. Desverre vart det ingen skudd, men fleire fine loser. Det var mye fugl og hare, men ikkje på skuddhold. Sånn er det berre! Noen hadde det også på skuddhold, men det passa ikkje!!!!

Har hatt to kvelder i skogen denne veka og hundene har hatt elglos begge kveldene. Reist ut 500 - 600m ut og i ring rund oss. Har vert moro å følge med på GPS'n. I går kveld vart det nesten så Daisy vart ute litt for lenge!

No reiser eg til Tyrkia ei veke så hundene blir heime med Ole Kristian. Trur ikkje det blir så mykje trim, men dei har det nok bra alikevel.

Har også trena litt apportering med Champi. Det går veldig bra med fulg. Har prøvd litt med dummi no for å få ho til å komme inn på plass og det ser ut som ho har skjønt det også. Men har ikkje hold og slipp heilt inne enda. Må jobbe med det!!!!!!!!
Prøvde også eit slepespor med 90 grader vinkel og det tok ho og uten problemer og apporterte kloven som låg i enden.

No er vi veldis spent på Ilva og Iwri som skal på jaktprøve i nybegynner klassen i Sjøbo 1. oktober. Lykke til til dere!

August

Litt oppdatering fra august. Tida går alt for fort!!!!!!!

Torsdag var vi på Torpo og trena lydighet! Da fekk vi litt av ei forstyrring for luftambulansen dreiv og trena også. Så dei landa og tok av fleire ganger. Daisy tankler dette veldig bra, ho har sitte på i helikopter før så det var venta.  Kunne trene med ho berre 20 - 30 meter fra dem. Ho bryr seg ikkje om bråket og vinden. Champi fekk sitte i bilen ei stund, men siste runden dei skulle ta da tenkte eg at eg må nytte sjansen til å ta ut Champi også. Ho var jo litt hoppende og vilter av seg, men det er jo valp. Satte oss inntil husveggen for oss sjølv ca 50 -70 meter fra. Ho var nok litt meir uroleg, men roa seg raskt. Vi gjorde det samme da dei tok av også. Er veldig fornøgd med ho

Ellers så la eg ut eit asfalt/grusspor med litt godbiter. Syns ho går veldig bra. Tar vinklene og er nede med nasen heile tiden. Når ho går forbi vinklene så er ho rask til å ta seg tilbake igjen og finn sporet.

Daisy fekk trene litt av kvart. Mest på ruta som innimellom går veldig bra.
Dekk under marsj er ikkje no. Ho vil heller stå så kanskje vi klarer den.
Avstandskommandering er kjedelig. Har framdrift

Tirsdag trena vi på grusbanen og da såg eg at Daisy halta litt så no er eg veldig usikker på om eg skal trene meir der. Er så redd at vi skal ødelegge for jakta i år. I år skal ho jo få jakte ordentlig for første gang!!!!!!!!!!
Har meldt ho opp til klasse II  i lydighet 10. september, men trur at vi får stå over. Der er det jo grasbane så det kan hende vi berre er med for treningen sin del. Eg har nok godt av å trene "konkuransenervene" mine.

Fredag var ein tur i skogen med Kari og Ilva. Champi må no lære seg at ho ikkje skal springe laus. Det var litt uvant for henne Må no starte med å lære ho at ho skal gå ut på kommando. Ilva drog ut ein hare som kom rett i mot oss på skogsvegen vi gjekk på. Den vart litt forvirra å snudde (stakkar den måtte få sjokk, først ein hund etter seg og så 2 i møte) Den stakk tilskogs og da var det greit at Cham pi fekk lukten av hare. Ho drog nok ikkje langt etter den, men det gjorde Daisy.

Lørdag skulle eg lufte hundene ein tur opp i skogen bak huset og jammen drog Daisy ut på eit dyr, må ha vert hare for eg var berre 10-15 meter bak og såg ingen ting. Såg berre at Champi såg på meg og satte avgarde etter. Det gjekk langt. Daisy losa og champi "losa" bak. Horte dei langt innover i skogen. Daisy kom til bake etter ei stund, men det gjorde ikkje Champi. Hørte ho nedmed huset så eg gjekk ned og henta ho. Tenkte først at ho må lære å komme tilbake samme sporet, men dette var jo berre rett bak huset så det må vere det som er grunnen til at ho ikkje kom tilbake samme sporet. Gjekk ein tur oppover i skogen etterpå for å sjå at Champi gjekk ut som før og det gjorde ho

6. august var Champi på utstilling på Nesbyen. Det var valpeshow og ho fekk
1. pris og BIR. I gruppen gjekk det ikkje så bra. Ho hoppa rundt og måtte bæsje så fekk nok ikkje vist ho fram, men det gjer ingen ting.

13. og 14. august var det utstilling på dei Nordiske jakt og fiskedagene på Elverum. Daisy på lørdag og ho fekk 2. pris "Very Good" og det er eg veldig fornøgd med. Neste år skal vi ha 2 førestepriser på blodsporprøver så da blir ho viltsporchamion. Dette må vere målet for ho. Har ei rød sløyfe fra unghundklassen og no blå sløyfe etter 24 måneders alderen så da er det i boks.
Har ein 1. pris på terminfesta blodsporprøve i år så da skal vi klare 2 neste år. "Skulle hatt fleire timer i døgnet" så hadde vi kanskje rekt det  i år

Champi vart stilt ut på søndag. Det gjekk veldig bra. 1. pris og BIR. Stod på kritikken at ho var lovende så da skal vi prøve oss på Lillestrøm i november for da er ho 9 måneder og kan starte i unghundklassen. Treng ikkje å gå like bra da, det veit eg

Uke

Mandag var vi med Ilva og Kari og gjekk tur i skogen. (trenetil jakta) Hundene går veldig bra ut så dette blir bra. Champi går langt ut også så det skal bli moro å sjå kva som skjer hvis ho får los på eit dyr.
Tirsdag var det ny strømming med Daisy. Ho fekk strøm når vi var på aversjonsdressur sist tirsdag så vi måtte dit på nytt. Denne gangen var det ikkje interessant å springe etter sau nei! Holdt seg mest med meg. Sauene tenkte nok at dette måtte vere ein brun sau så dei kom mot henne, men ho ville ikkje ha noko kontakt med dei. Jippi så no er ho klar for jakt!
Torsdag har vi vert på Torpo ein tur. Har gått 2 korte asfalt/grus spor med Chami. Det eine med 2 vinkler og det andre med 3 vinkler. Ho går veldig bra så no er det om å gjere å trene meir på grus/asfalt til eg får ho til å bli nøye. Ho går med nasen nede nesten heile tiden. Tar seg innat og fortsetter!!!!
Daisy trena vi litt av kvart av. Ruta gjekk bra noen ganger! Avstandskomandering bra innimellom, men litt framdrift på dekken når vi har avstand. Dekk under mars gjer ho ikkje uten ekstra kommando! Stå under innkalling gjekk greit. Her er mykje å trene på så vi meldte oss på lydighetskonkuranse 10. september i dag og tar det som ei trening. Vi har tross alt gått berre eit stemne i år også. Vi treng litt trening for å få ro med nervene.

Litt av kvart etter ei lang "tørke"

Da har det vert stille lenge, men no skal vi skrive litt meir her. Har glemt kva vi har drevet med, men her er ein liten oppsummering.

29. mai starta vi i klasse C bruks og det var ikkje noko suksess, men vi er ei erfaring rikere. Sporstart var veldig bra, men ho gjekk straks over på viltspor og da kom nervene mine!!!! Eg viste at det kom til å skje for ho væra vilt i skogen heile vegen bort til sporstart! Eg skulle selvfølgelig tatt ho tilbake straks, for dommeren hadde dømt sporstart og da brydde han seg ikkje meir om kva eg gjorde før vi var i mål. Men sånn vart det ikke. Men no er eg ei erfaring rikere.

Pinsa starta vi i lydinghet klasse I og det gjekk veldig bra. Første startene og det regna veldig. Her var det berre å kjøre på og det gjekk veldig bra. Vi fekk 165,5 poeng og opprykk til klasse II.

Iwri har vert hos oss i 14 dager i månedskifte juni/juli og det var trivelig. Var veldig spent på korleis ho takla Champi, men det gjekk veldig bra. Ho tok heller ikkje å satte Champi på plass sånn som eg hadde ønska. Veldig lik på Daiys i sin adferd, så eg måtte ta Champi litt andre dagen så ho skjønte at ho ikkje kunne hoppe å dra i ørene på Iwri som ho ville når vi gjekk tur. Etterpå gjekk det veldig bra og det vart trivelig å gå på tur med dei.
Iwri slo seg til ro straks så det var tydelig at ho følte seg på kjente trakter. Ho kryp for Daisy straks ho kommer og gir til kjenne at eg veit at ho er mor mi!
Kari og Ilva var så greie å vere med oss å trene så den helga ho var her trena vi både blodspor, apportering av fugl i vann og til lands og slepespor med kanin.
Det regna heile helga, men det var bra temperatur og mykje mygg!!!!!!!!!
Takk Kari for all hjelp!

Er også veldig imponert over Champi som apporterte både fugl og kanin. Kainen var litt stor for ho så det var ikkje lett å få den med, men ho drog den med seg.
Ho svømte ut og henta fugl i vannet som ho skulle gjort det heile livet!!!!!!! Dette lover bra! Gleder oss til jaktprøve neste høst!!!!!!!!

30. og 31. juli starta vi på terminfesta blodsporprøver. Lørdag på Ødegårdene og det gjekk veldig bra. Det vart 1. pris Var veldig fornøgd med tempoet hennes. Ho har hatt ein tendens til å gå alt for fort, men var veldig spornøye og det kom vel også av at ho hadde så roleg tempo. Veldig fornøgd.
Søndag gjekk vi på Vaset. Fekk første sporet og det gjekk gjennom vann, vann,  vann!!!!! Kan nesten ikkje skjønne at dei legg spor slik, men når området er sånn så går vel dyra der også Daisy starta like bra denne gangen, veldig spornøye og rolig tempo. Følgte sporet sjølv om vi våddå i vann til langt oppover ankelen! Da ho ville til å gå over enda ei myr når det var mange andre alternativer vart eg veldig i tvil! Det er dette eg må lære. Stol på hunden det er han som går spor og ikkje eg som skal vurdere kvar dommeren kan ha lagt ut sporet. Ho hadde heilt rett, men eg tok ho tilbake litt for å sjekke om dette kunne vere riktig og ho kom fram til samme sporet igjen. Dette skulle eg selvfølgelig ikkje gjort i ein konkuranse.  Fekk litt "kjeft" av dommeren etterpå for det.  Ho kom i mål også denne gangen, men sjekka ut litt viltspor i tillegg og kom tilbake på sporet igjen. Daisy er kjent med å gjere fleire ting på ein gang så sånn er det. Ho veit i alle fall kva det ho egentlig er ho skal for å fullfører oppgaven.  Fekk 2. pris for dette og det var greit.

Veke 20

Da har vi hatt Champi i ei veke. Det har gått utruleg bra, sjølv om det er litt stritt med valp i huset igjen. Det verste er å passe på å ha ho ut for å tisse. Det hender fortsatt at det kommer nokon skvetter på golvet
Ho har vert med rundt om å kjørt bil og har funnet ut at der kan ein gått slappe av! Er så rolig i bilen. Det var kun den første gangen at ho var litt urolig. Har vert med på trening og fått hilst på andre folk. Har så vidt fått hilst på nokon hunder også. Ser at ho er ikkje så tøff blandt andre enda og gått er det.
I dag har vi vert oppe på fjellet hos Kari, Gunnar og Ilva og gått blodspor og slepespor. Gjekk veldig bra. Daisy søkte  veldig bra, men like før sporslutt begynte ho og lose og satte av garde rett inn i skogen. Eg skjønte jo at det ikkje var der, men lot ho få gå for å sjå kva det var. DET var veldig dumt av meg, no skulle eg jo nytta anledningen til å få ho til å skjønne at ho skulle gå sporet ho var satt på og la andre ting vente. Men vi gjekk raskt tilbake og fortsatte sporet og fann sporslutt.
Det kom også ein portugisisk vannhund på 4 1/2 måned på besøk. Tok med Champi inn ein tur for å hilse på. Ho gjekk rett bort å rappa beinet og tok det med seg. Du snakke om å være freidig, halen rett til vers hadde ho også! Ho har nok litt å lære!!!!!!!!!
Ser at Daisy syns det går an å leike med ho ute no, men inne syns ho at Champi er ein "pest og plage". Champi hopper rett på ho og heng i ørene så det er forståelig. Ho syns nok at Champi er litt for liten enda til å sette ho på riktig på plass.
I morgen blir første dagen i hundegården. Fekk vere der litt på lørdag og det såg ut til at ho fann seg til rette der. Gjekk inn og ut av huset sitt fleire ganger. Men når Daisy var der så fann ho ut at ho like gått kunne ligge utenfor hos ho.  
Blir spennende å sjå korleis det går når eg kommer opp i matpausa for å gi ho mat og reise igjen.

Lørdag 14. mai

I dag hentet vi Champi som skal bli vår andre hund.

Kari var så snill å stille opp så vi reiste til Jönkjøping etter villsvintesten for å hente med oss Månbergets Mårran heretter kalt Champi heim til Gol.
Fredag kveld skulle vi berre kose oss, men vi måtte ut til Huskvarna for å hilse på Champi og dei andre. Kunne ikkje vente når vi var så nær og så var det godt for Champi (og meg) også at vi hadde fått hilst på ho. Det såg ut som ho falt til ro hos meg straks så det var lovende 
Fredag kveld var vi ute og spiste og kosa oss på restaurant. Ilva og Daisy hadde eit heilt hotellrom for seg sjølv midt i Jönkjøping med utsikt over byen! Såg ut som dei syns det var heilt ok å bo sånn  Det vart både heiskjøring og trapper, parkeringshus og byvandring. Vi såg i alle fall at vi har greie hunder som takler alle forhold fra å komme fra midt på landet til å bo og bevege seg midt i byen. Lørdag morgen bar det av sted for å hente Champi og starte på den lange reisen til Gol. Trur vi kjørte ca 70 mil. (Da vi henta Daisy kjørte vi 82 mil). Eg kjørte nedover til hovedvegen, men så fekk Kari ta over og ho var så snill og kjørte heile vegen heim. Eg måtte jo kose og ta meg av Champi. Takk Kari!
Vi stoppa  fleire gonger på vegen heim og reisen tok 10 timer. Så no begynner det nye livet med 2 hunder!!!!!!!

Fredag 13. mai, Villsvintesting!

Kari, eg og hundene reiste etter jobb torsdag. Kjørte til Årjang i Vermland, der overnatta vi på Karl VII Kro og motell. Vi tok det med ro og spiste frokost som eigerne hadde ordna i stand før dei dro bort om morgonen. Vi hadde alt for oss sjølv så her vart vi betrodd 
Kjørte neste dag fram til Mamina jakt. Der bodde vi på Bjørvik gård. Det er ein ærverdig gård fra 1650 tallet eigd av  norske "tobakk" Andresen.
Vi vart tatt i mot av Lars Shepler. Ein trivelig kar som fortalte litt om plassen og villsvintesting vi skulle på dagen etter. Vi var jo ganske blank på dette
Vi møtte opp fredag morgen kl 08:00 spente som .................
Vart tatt imot av Michael nok ein trivelig kar som skulle veilede oss. Dei var flinke til  å fortelje oss om kva det går ut på og kanskje ekstra flinke ettersom vi ikkje hadde vert der før.
Daisy skulle starte, vi sendte ho rett inn i ein tett skog og ho bar av gårde og leita. Veit jo ikkje heilt kva ho tenkte for ho hadde jo ikkje gjort dette før og samme lukta var det over alt. Men ho søkte bra  innover og tok kontakt flere ganger. Fant villsvina, ein stor galte og ein liten. Den store var vist den som var snillest.  Det var ingen villsvin som var over 22 månder der for da begynner dei å få dei store tennene og det ville dei ikkje ha på testdyra (ikkje vi heller). Det var gjørmete der og Daisy syntes det var heilt greit å springe i gjørma. Daisy holdt på ei stund og viste stor interesse så vi satte ho i bilen for at Ilva skulle få prøve. Ho var flink også. Mangla litt av "gnisten" men gjorde det veldig bra. Aktivt ut og søkte og fann dyr, men det vart til at ho skulle vere med inn når Daisy skulle ta neste området som var "Utsikten" . Kari stod med Ilva i band og fulgte med når Daisy skulle over på den andre siden å leite etter villsvin. Der fant ho alle 5 villsvin og det bar av gårde igjennom skogen. Ho jagde  dei avgårde over eit åpent område der Kari og Ilva satt på andre siden. Kari skulle ta bilde, men Ilva var så på hugget at det vart ikkje noko bilde (ikkje lett å holde kamra stille). Det hadde vert eit fint syn sa Kari. Daisy var like i helene på villsvina. Eg var inne i skogen på den andre siden så eg fekk ikkje med meg det.
Så var det Ilva sin tur. Ho var no så gira at ho drog av gårde og fann villsvinspor og spora gått. Ho losa på dei fleire gonger, var nok litt meir på "betryggende avstand" enn det Daisy var.
Hundene blir så slitne av dette sjølv om dei er topp trena sa Michael. Det er veldig spesielt for dei og Ilva var så sliten til slutt at når eit av villsvina snudde seg mot ho så la ho seg rett ned. Da sa Michael at ho var heldig for ho kunne fort ha fått seg ein dytt  av villsvinet sjølv om det er såkalla "snille dyr". Heldig vis gjekk det bra og eg trur ikkje ho fekk noko negativt bilde  av det Daisy skulle sitte å sjå på når Ilva testa, men kan ikkje akkurat si at ho satt ...... ho hang i bandet og drog meg av gårde .........så ein kan si det var litt "piffing" ja. Ho fekk ein tur til etterpå og søkte gjennom skogen, men fann ikkje dyra der for dei var  gått over på andre siden. Leita bra, men vi valgte å bryte der for ho var sliten og det er jo best å gi seg mens dei har ei positivt oppleving.
Står på kriteriene til Daisy at ho jobbar veldig intensivt og jobber seg opp. Hittar vildsvin jättebra og jobbar veldig bra. Bryter på grunn av kondisjon. (står nok det samme på Ilva sitt for ho var like flink)
Neste gang (om det blir) så foreslo Michael at vi skulle teste hundene på kvelden når vi kommer bort og så kan vi teste på nytt igjen neste dag. Det var fult mulig og ettersom vi hadde reist så langt så var det heilt ok. Vi kunne bo der fleire dager også. Det var dobble rom med felles kjøkken og bad. Vi betalte kr 400,- for natta. Dette kan anbefales.
Det kom fleire med wachtelhund så vi fekk vere med å sjå på dei. Det var ei nyttig erfaring. Vi såg i alle fall at våre hunder gjorde det like bra,  nesten bedre syns vi i alle fall ! Greit å ha noko å sammenligne med når det er første gangen.

Veke 18

Har vert 4 dager i Ghdansk. Flott tur! Mykjer god mat og drikke. Lite shopping:-)

No har vi vært på kurs i blodspor. Teori torsdag, lagt ut blodspor fredag og gått det i dag. Lærerikt!
Daisy gjekk veldig bra. Det var ein blodspordommer som var med og han sa at ho gjekk til 1. pris med HP.
Så no skal det trenes framover!!
Etterpå bar det av gårde på lydighetskurs! Det var litt tungt å komme i gang med det, men ettersom eg hadde betalt i "dyre dommer" for det så måtte eg nesten reise. Det var Elisabeth Isaksen som hadde det. Syns ho er veldig flink og rett fram. Sånn skal det vere!!!!!! Eg trena faktisk mest på å lære meg å gå fri ved foten uten hund. No skal eg i alle fall klare det så da blir det lettere for Daisy å følgje med også. Eg har hatt ein tendens til å endre tempo først og så komme med kommandoen og da er det ikkje lett å skjønne kva eg meiner :-(((

Veke 16

Tirsdag vart dei ei lita økt med lydighet på Glitre.
Motivasjoen min var litt dårlig og da er det litt dumt  å trene for mykje

Onsdag vart det lydighet på Torpo. No er det avstandskomandering og kryp som skal prioriterast framover. Avstandskomanderingen går ganske greit så lenge belønningen ligger bak. Vi får starte med kort avstand og så øke etter kvart.
Kryp såg det ut som ho roa seg litt meir med i dag så lenge eg ikkje har belønningen i handa "les pølsbiten".  Får satse på å få ho til å forstå at kryp betyr å krype framover før eg reiser meg og prøver targetsen.

Veke 14 pg 15

Hei kor tida går!!!!!!!!!
No er det i alle fall slutt på skiføre og våren er kommet Og med den er lydighetstreninga godt i gang.
Har prøvd oss på 2 spor! Første var vi litt uheldig med for ho som gjekk ut sporet hadde gått ut eit godbitspor paralelt med dette  og så gjekk ho ned og starta mitt spor slik at Daisy gjekk på bakspora hennes fra starten. Det var litt synd, men sånn er det Kristoffer gjekk ut eit spor her heime og det gjekk veldig bra. Når eg fekk spurt han etterpå så hadde ho gått over på dei plassene som han hadde gått også. Greit med noen kjennepunkter etterpå så ein veit at ein ikkje har vert heilt ute å kjøre! 

Daisy har fått løpt litt fritt i skogen i det siste. Er så godt å få litt fart i ho. Blir liksom ikkje det samme når vi ikkje får gått på ski.

I går var vi på Søndre land på jaktfeltskyting. Måtte passe på å trene dekk med skudd når vi var der. Det gjekk veldig bra så det kan vi ta med ro.
I kveld har vi vert på Torpomoen å trent sammen med Gunn Eva, Tine, Rune og Eva. Starta med felles sitt og etterpå felles dekk med skjult fører. Gjekk greit det.  Daisy er snart høy løpsk, men det såg ikkje ut til at han-hundene brydde seg Starta litt på kryp for det må vere på plass før vi starter i bruks klasse C.
Ho var så gira at det var ikke så enkelt, må nok starte litt ute på plenen her og ikkje med pølse i handa for det vart litt for sterkt!!!!!!!!

Vi var også å trente innesøk på eit nedlagt meiere med redningshundene i forrige veka. Det var moro!!!!! Skulle gå fra lyst rom og innover og inn i eit mørkt rom. Ho bråstoppa for ho trudde det var ein vegg der. Sto på to bein og "vera"  innover i rommet for ho kjente ferten. Så kom ho inn i eit stort tomt mur-rom og der satt det ein som ho "vera", men det var så vanskelig å finne ut kor ferten kom at ho måtte søke seg fram og omtrent gå over figuranten. Alle hundene hadde problemer med dette rommet. Det var moro å vere figurant der

veke 13

Helga starta med at Siv, Inger Nina og eg reiste til Vårgårda i Sverige på avlskonferanse. Vi hadde ei veldig fin og koselig helg. Mange beskjentskaper og lærerik helg. Er så inspirerende å få komme å høre på folk som er så engasjert i wachtelhund og dens ve og vel i fremtiden. Er veldig viktig at avl blir tatt på alvor for det er mykje helseproblem hos wachtelhund.
Det var også ein presentasjon av avlshanner som er på A-listen. Litt "morsomt"er det jo, men ein fin måte å få vist seg fram på.

Mandag var vi på ski med Ilva, Ivy og deres eiere. Stein harde løyper så det var med livet som insats i nedoverbakkene. Men det gjekk bra !!!!!!!

Tirsdag har vi vert på lydighetstrening. Hjalp til med å rettleie dei som skal trene til bronsjemerke. Ilva og Kari var der. Ilva er blitt så flink til å gå fri ved foten, Har veldig bra kontakt så dette lover bra Kari!!!

Onsdag kom Kari og Ilva ein tur så vi slippet hundene i skogen. Tenkte at no måte dei få anledningen til å springe litt før båndtvangen. Ilva var heilt på hugget og loset på samme sporet fleire ganger. Fulgte det litt lenger for kvar gong. Ho hadde på seg gps så det var lett å sjå at det var samme sporet. Daisy var litt meir "sindig" ho drog bra ut og leita veldig.  Fekk ein los til slutt ho også. Dei sprang i nesten  timer på snø/skare som dei datt igjennom fleire stader. Såg at Daisy holdt seg bedre oppå enne Ilva. Så ho er nok litt meir smidig i kroppen.

Fredag vart det skitur igjen. Har jo kommet nysnø så eg trudde det skulle vere bra føre, men neiiiiiii. Det var så isette i sporet og somme stader var det ikkje det så det "lugga" godt i nedoverbakkene. Men trim er det jo til både meg og Daisy. Ho spring så fint i nedoverbakkene no.  Er så fornøgd!!!!!!!!!!

Veke 12

Lørdag morgen vart min nye valp født.

Lørdag hadde Kari, Ilva, Daisy og eg ein flott tur fra Storefjell til Solseter på ski. Det var vindstille og strålende sol. Reine påskeværet
Søndag var vi på Ål og trena lydighet.
Mandag var Gunn Eva, Ivy, Daisy og eg på Solseter for å gå på ski. Det er det verste føret eg har gått på. Eg hadde glidet og slipt og pusset og smurt med festesmøring etter alle kunstens regler, men har aldri hatt så dårlige ski.
Må si at føret var heilt for ferdelig.
Tirsdag var det lydighetstrening og da var Kari og Ilva med for dei skal trene til bronsjemerket. Det kjem til å gå veldig bra for dei er blitt så flinke. Etterpå var vi i 50 års dag så vi fekk med mykje den dagen.
I kveld har eg og Daisy vert på Solseter på ski igjen. Var bedre føre i dag sjølv om det er veldig blautt og mykje kvist og kvast i løypa. Synes eg måtte slite meg igjennom ein tur så Daisy får springe litt. Blir vel dårlig med det i helga når eg skal til Sverige på Avlskonferane.


I slutten av denne veka blir min nye valp født!!!!!
Søndag var vi på lydighetstrening på dagen og skitur på kvelden.
Mandag vart det skitur.
Tirsdag har vi vert på lydighetstrening igjen. Daisy har gått såååååååååå bra fri ved foten som ho aldri har gjort før. Måtte det berre vare.
Ellers så gjennomførte vi dekk fra holdt og når eg snudde meg og var på vei tilbake igjen så stod ho Såndt bruker ikkje å skje Men ingen skade er skjedd så vi tok den på nytt og da gjekk det greit.
Tenkte vi skulle prøve oss på litt brukshundøvelse i dag som forrangående i line,
men det var ikkje heilt vellykka. Ho stod skeivt så skjønte fort at dette må vi ta fra begynnelsen igjen. Skulle berre mangle ho har jo ikkje gjort det på 10 måneder Vi må nok sette fra noko godbiter så ho får fokus framover. Det skal vi prøve til helga.
Onsdag var det møte med lydighetsgruppa for å planlegge litt framover.
Torsdag skulle vi kjøre Kristoffer på toget så da nytta vi anledningen til å gå litt i sentrum samtidig. Blir alt for lite av det. Treng å ha litt andre forstyrreler, men det såg egentlig ikkje ut som ho brydde seg om noko. Var mest opptatt av å lukte på lyktestolpene.
Fredag har vi vert på skitur. Ein flott tur og Daisy var veldig i slaget. Det var verre med meg, eg hadde alt for dårlig gli.

Veke 11

Dagen starta med at Mari, Kristina og Bo Vidar kom ein tur. Var ute og kjørte akebrett med Mari. Etterpå reiste eg til Ål for å trene lydighet sammen med ein del andre. Merka at eg har dratt ut fri ved foten litt for mye. Er ikkje nok fokusert ved starten, men tar seg inn når vi har gått litt. Det er gamle synder vi ikkje vil ha så vi starta med berre starter og noen skritt for å få opp fokuset igjen og det såg ut som gjekk bra. 
På  kvelden har vi vert på ski ein tur. Er så godt å få bevega seg litt. Daisy spring bra syns eg så eg er fornøgd. Må passe på og i alle fall ha tre kvelder på ski i veka.
Mandag var det litt lydighet på Kraftlaget. Det var så glatt der så det var ikkje no egna. Vi var tidlig ute så fekk trena litt før dei andre kom. Prøvde oss på ruta. Ikkje heilt vellykka, men får berre få ho til å springe gjennom ruta for å vere sikker på at ho ikkje stopper for tidlig.
Onsdag vart det ski med Ivy og Vino og eigerne.
I kveld vart det også ein skitur. Men trur Daisy savna sine hundevenner
Det var ei dame med ein Beagel valp der og den fekk julig så han skreik så eg fekk vondt. Var fordi han ikkje ville gå når vi passerte og han bjeffa noko forferdeling. Ho tok oss igjen seinere og da var han like gærn. Eg tilbydde meg at han kunne få hilse på Daisy, men Daisy ville ikkje hilse på han. Syns nok han var alt for masete  Skjønner ho godt eg.
Fredag var vi heime å feira Kristoffer's 20 års dag.
Lørdag var vi på Ål på lydighetstrening. Vi var kommandert og gjekk igjennom heile programmet. Det er fri ved foten som er problemet i år også så ellers så gjer ho øvelsene bra.  Ho hadde ikkje så lyst til å hoppe hinder så eg trur ho hadde litt vondt i skuldra.
Søndag vart det også lydighet på Ål og da var ho meir i slaget. Starta med   felles sitt. Det har vi aldri prøvd før, men det gjekk bra. Etterpå var det rett i felles dekk. Det gjekk greit. Ho var egentlig ikkje heilt klar for å dekke da ho fekk komandoen. Har aldri prøvd felles sitt først så ho forstod nok ikkje øvelsen, men etter ein dobbel komando gjekk det greit. Etterpå leika vi mykje. Prøvde litt på fri ved foten og den var mykje bedre  i dag.
I kveld har vi tatt ein skitur også så ho er i slaget i dag.

Veke 10

Skitur søndag  og skitur mandag.
Daisy springer laus og bryr seg ikkje om andre hunder. På mandag kveld var Ingrid og Gunn Eva med med hundene sine. Plutselig såg eg Daisy ved siden meg med ein annen hund som ligna veldig på ho så eg vart litt satt ut. Det var Gunnar som var på tur med Ilva, (Daisy's valp). Det var moro å sjå morsinstinktet vakna i ho da. Ho måtte sette ho litt på plass. Gunnar gjekk litt fortere enn oss så han susa avgårde med Ilva og da satte Daisy i vei for ho ville følgje med på kor ho reiste. Måtte faktisk blåse litt i fløyte for at ho skulle snu. Har vert litt bekymra for farten hennes med tanke på "villsvintest", men no er eg ikkje det for fart hadde ho da ho satte avsted etter Ilva.
I kveld vart det litt "rute trening" på gårdsplassen. Såg ut som ho skjønte at det var inne i ruta ho skulle stoppe, men det er vel berre "heimeflaks"

Torsdag var det siste innetrening i ridehallen. Vi skulle bli kommandert i fri ved foten. Såg i alle fall kor viktig det er med oppvarming på Daisy. Ho var så treg i begynnelsen, men gjekk seg veldig opp. Så det er i alle fall ein lærepenge at skal eg få til no resultat så er det viktig og gå litt fri ved foten før start. Men det var moro å sjå at ho går seg "opp" for da er det jo håp om at ho skal holde ein heil konkuranse

Fredag var det skitur igjen. Er så fornøgd med framgangen til Daisy. Ser at ho klarer å holde farten oppe over lengre tid Det betyr at vi må i alle fall prøve å gå tre kvelder i veka framover og kanskje øke litt på distansen.  Det er kanskje på tide at eg må gå litt ekstra også

Veke 9

Skitur på Solseter i strålende sol. 10 minus i skyggen, men kva gjer det så lenge vi skal holde oss i bevegelse.
I dag måtte ho ha sele på fra start for det var ein del barn der, men vi tok den av når vi kom eit stykke inn i løypa. Ho var veldig tent når vi kom nedover i kjente bakken og la i veg med bra fart. Enda meir opptimistisk no Syns det går bedre og bedre.

Tirsdag var vi på foredrag om adferd og mentalkunnskap hos hund. Foredragsholder var Terje Østlie fra Østlie hundesenter. Det var veldig bra og lærerikt. Fekk mange aha-opplevelser her ja. Kjente igjen mye og spesielt moro var det når han snakka om korleis tispa oppdrar valpene. Da kjente eg igjen mykje fra Daisy og valpene.

I kveld har det vert lydighetstrening i ridehallen. Såg kor viktig det er at Daisy får rørt litt på seg før vi begynner. Har vert alt for stille i to dager no så ho var litt hyper når vi skulle starte med avstandskommandering Det vart litt tå kvart! Får vel trene litt meir på det ja!!!!!!!!!!!
Fri ved foten gjekk også bra  i dag 
Ruta gjekk bra eit par ganger og så skulle vi vise kor flink ho er blitt til Gunn Eva, men da gjekk det ikkje så bra for det hadde vert nokon og mista godbiter der vi skulle starte.......... Så det vart berre snusing og den fant ho da belønning for sjølv i form av pølser som var mista.  Men det var berre å avbryte å finne på noko anna. Sånn kan det gå i blandt..........  Må nok bli flinkere til å vise ho kva vi skal........... ved å peke framover. Eg har heile tida starta med belønning forbi ruta og så tatt neste i ruta. Må no få ho til å komme igang uten å ta den påvirkingen igjennom ruta. Det må bli litt av oppgaven neste gang.

Veke 8

Ei trivelig helge er over!

Wachtelhunden har hatt årsmøte på Gol i helga...........

Har hatt besøk av  Iris, Bente og Arne,   Iwri og Inger Nina.

Daisy og Iwri er blitt så like at eg måtte sjå på kroppen for å sjå forskjell på dei.
Iwri har nok arvet ansiktet til Daisy og kroppen til Kalle, men i litt for godt hold!!!!!!!!!!
Lørdag var vi ute på braseriet å spiste. Det var sammen med  eigerne av Iko, Ilva, Iris. Var så koselig så.
Søndag var det skitur! Det var kaldt, men i sola vart det fint. Daisy syns det var veldig kaldt så ho fekk ha varmedress på 
Fekk prøve Iris ein tur også med sele. Det var moro å få prøve ein hund som drar igjen. Skjønner ikkje kvifor eg ikkje tilbydde meg å bytte Daisy med Iris på skitur. Etterpåklokskap!
Bente du må komme deg på ski med Iris. Det er så moro å ha ein som går framom og drar!!!!!!!!!!
Wenche som har Ikita sammen med Rigo ringte akkurat også. Ikita hadde løpetid og var heilt sprø Vi skulle nok ha hatt ho med på ski også!
Dei skulle ta nye blodprøver av ho 21. februar, men ho var i så fin form at dei regna med at dei var bra. Det HÅPER eg også!

Wenche lurte på om vi viste om nokon i Norge som dei kunne ringe som var klarsynt? Er det nokon som veit om nokon? Det var ein hund som heiter Sindy som er borte. Sjå facebook så står det om ho der.

Torsdag var det trening i ridehallen igjen. Eg var litt sliten og det var kaldt, men Daiys var flink.  Ho var veldig på "hugget" når det gjaldt fri ved foten. Gjekk veldig bra. Håper berre det fortsetter slik
Gå fram til ruta gjekk også veldig bra.  "Musematta" til Ivy låg der og den fokuserte ho på så ho hadde fart fram. Trur vi skal prøve den neste gang også og så får ho belønning fra "snusboksen" inne i ruta. Trur dette er neste steg å gå.
Ho fekk noen raptuser der ho fekk opp farten i leik også så eg håper og trur at ho har kommet seg litt.
I går kveld var vi på ski og ho var veldig fornøgd og i form da også så eg trur det går framover, men det er dette med å "skynde seg langsomt" som er vanskelig. 
 

Veke 7

Starta veka med ein skitur i kveld. Det var strålende føre og nesten ikkje folk der så da får Daisy springe laus. Ho var i storform såg det ut til så vi tok ein runde ekstra i kveld. Såg nok at det vart litt mykje så måtte ta det litt med ro ned siste bakkene. Ser ut som ho spring i bra tempo heilt til eg kjører fra ho da gir ho opp og sett ned farten. Korleis ein skal tolke det er ikkje greit å vite, men no har ho i alle fall fått litt masasje og eg har fått ein dusj så no er vi fornøgd begge to.
Mandag skitur med Gunn Eva og Ingrid og hundene. Daisy gjekk bra i kveld også så det ser lysere ut no.
Torsdag innetrening i ridehallen. Starta med fellesdekken som vanlig. Det bruker vi å avslutte med også (glemte tannvising) La merke til at ho er kjappere ned i dekken på den første. Kan hende ho blir litt sliten og lei at det er det som gjer at ho er tregere på den siste.
Fremmatsending (ruta)  var øvelsen i dag. Starta med å vise godbitesken utenfor ruta slik at ho skulle ha god fart. Det var nokon barn der i kveld som sprang rundt og bråka, laga ein lyd som eg såg at ho vart stressa av og skulle finne ut av, men ho måtte følge med meg og det gjekk stort sett bra. (Bra forstyrrelse) 
Tok belønning gjennom ruta ein gong til før eg prøvde uten belønningsboksen og kommanderte stå. Jammen satt den fint. Avslutta med belønning gjennom ruta. Det er viktig at ho får den til slutt så ho kanskje husker at det er fart eg skal ha for å få belønning.  
Syns ho gjekk bra fri ved foten i kveld. Vi trente litt på stå under marsj og dekk fra holdt. Prøvde avstandskomandering også. Er så usikker på om eg skal bruke både stemme og tegn der. Trur ho blir forvirra av begge delene. Virker som ho syns det er greit på dekken, men ikkje på sitt opp.

Veke 6

Veka starta med skitur sammen med Gunn Eva og Ivy. Bra føre så det gjekk fort. Daisy fulgte bra med heile tiden til vi kom til dei lengste nedoverbakkene. Der vart ho etter, men så lenge ho spring laus så gjer det ingen ting Sånn må det bli.
Mandag var det årsmøte i redningshundene oppe på Natten hos Reidun og Didrik. 
Tirsdag starta eg med å gi Daisy Aloe Vera jus. Skal vere bra for leddene, men det går ca  3 veker før ein ser resultat. Kanskje dette er bedre enn omega 3 for det syns ho ikkje noko om. Vi får sjå!!!!!!!!!!!!!
Det var lydighetstrening på Kraftlaget om kvelden. Hadde bestemt meg for å begynne på skrets med ruta. Ho har begynt med å stoppe opp så fort ho kommer innenfor og gjerne med framparten utenfor ved høyre kjegle.
La belønning utenom ruta slik at ho måtte springe igjennom før ho fekk belønning. Såg ut som det funka. Hadde høg fart igjennom. Så får vi ta stå etter kvart
Torsdag var det ridehallen igjen. Stå var øvelsen denne kvelden. Daisy har hatt bra stå under marsj så vi starta med heile øvelsen. Ukonsentert fra starten og det var ein dårlig fri ved foten fram til stå, men ikkje så verst stå, men den kan bli bedre. Må vere meir tydlig i stemmen og kommandoen må vere kort!
Prøvde med belønningen bak oss. Det skjønte ho fort og ståen vart bedre for no måtte ho bråstoppe for ho skulle få belønning bak.
Tine tok tannvisning og det gjekk veldig bra. Ho har lett for å bli litt ivrig og gå fram eit steg. Det gjorde ho ikkje og så har ho lett for å holde litt igjen når dei skal sjå på tenna,  men det gjekk også greit. No kjenner ho Tine veldig godt så vi må prøve å få andre til å gjere det også. Vi har fått 10 på den kvar gong, men den kunne vert bedre, så vi trener for at den skal bli perfekt

femte veka 2011

Torsdag var det innetrening i ridehallen igjen

Veldig ujamt dekke, såg at Daisy konsentrerte seg litt ekstra med det når vi gjekk sakte. Liker nok ikkje å få belastning på skuldra si

Apportering var øvelsen denne gangen.  Øvelsen går veldig greit, men ho har for lite tempo inn og rundt meg når ho skal på plass. Pøvde med å kaste ein leike rundt meg når ho kom, prøvde også bak meg, men ho er så oppdratt på at apportbokken skal ho holde og avlevere, at den  slipper ho ikkje  Skal prøve litt med pølse i snusboks igjen for mat er det einaste eg kan tenke meg at ho kan springe litt ekstra for! (Ho er vel som matmor)
Ellers så leika vi litt også, men er berre interessert når eg er med på leiken og har drakamp.

Lørdag så skulle det vere lavinneøvelse på Storefjell  med NLA.  Tenkte at eg skulle ta ein tur og teste Daisy for endelig å slå fast korleis det er med ho om ho duger lenger!
Det var eit forferdelig vær med 30 sekundmeter vind. Hadde problemer med å stå på beina så det var ikkje enkelt for hudene å loklisere heller. Men det var fin trening for hundene.
Skulle sende Daisy på eit søk  med ei djup grav og ei litt grunnere. Hadde tenkte meg at ho skulle gå på den enkle først og så skulle ho berre få markere på den andre. ( Har jo ikkje trena lavinne siden sist vinter) Men ho reiste først på djupgrava og markerte på den. Ikkje 100 % markering heller, men det kom nok ut mykje fert der. Såg at det var fleire hunder som markerte der. Ho fekk ikkje anleding til å gå oppå der som ho kunne fått ferten bedre. Kommanderte ho bort og over på den andre siden for å få ho til å markere der.  Ho rota litt rundt for å få fert og bestemte seg for å grave i taket. Sånn er det berre. Men det var 3 "instruktører" som ville ha meining om dette og korleis det skulle gjerast så det enda med at eg og Daisy stod framom grava og såg på at dei stod å  "diskuterte" Måtte til slutt avbryte dem å si at det faktisk var ein hund som skulle gjere ein jobb. (Dette skulle vi hatt på video så kanskje dei også hadde lært litt av det)
Etter lunsj,som vi inntok på Storefjell Høyfjellshotell, skulle NLA komme og vi skynda oss å gjere oss klar. Figurantene vart gravd ned og vi gjorde klar hundene med munnkurv og venta ved landingsplassen, men så fekk dei eit redningsoppdrag og måtte reise til det. Sånn er det ofte, så da måtte vi berre kjøre ei økt uten dem.
Vi fekk reelle oppgaver og måtte prøve oss litt på det taktiske også. Syns det er så vanskelig å spille "skuespill" som om det skulle vert eit reelt oppdrag, men det er viktig at det blir trent på.
Daisy var veldig stiv og ukomfertabel med situasjonen. Hadde fert av djupgrava og reiste dit å begynte å markere og grave. Den var så djup at ho hadde ingen sjanse til å komme ned dit sjølv.  Fekk hjelp til å grave, men interessen dabba etter kvart som dei kom djupere. Såg også i fjor at ho hadde problemer med å hoppe ned i djupgrava når ho grov inn i taket. Trur ho får vondt i skuldra når ho får for mykje belastning i landingen.  Her meldte ho seg heilt ut og sprang nedom grava og satte seg for å vente. Ville ikkje opp dit igjen.
Satte ho i søk igjen for å finne den siste. Det gjorde ho kjapt. Stilte seg framom grav og væra, for så å fortsette ut av område. Måtte rope på ho for å få ho tilbake, men grave ville ho ikkje
Så da er saken grei. Det blir ingen redningshund!!!! Ho er for mykje hemma av skaden. Det er  klart at hadde det vert bedre vær så kan det hende at det hadde gått bedre for ho også, men ein lavinnehund skal fungere  i alt slagt ver!
Det er så mykje annet vi kan trene på så ho skal nok bli  brukt alikelvel.

Fjerde veka i 2011

Søndag hadde vi ein fin spasertur. Tenkte eg skulle gå med Daisy i staden for skitur ettersom det er mykje folk ute på dagen når det var så fint vær. Det er ikkje alle som liker at ho springer laus og da er det like greit å vente til kvelden.

Kristina, Bo Vidar og Mari kom ein tur. Var så fint i sola her oppe i Åsgardane. Der dei bor har sola akkurat kommet at, men er framme så kort tid enda.  Mari kjørte litt på akebrett. Må passe på å vere ute når det er så mildt. Mari syntes deg var veldig moro. Ho skratta som berre det

Tredje veka 2011

Da vart det ein skitur i kveld. Gunn Eva og Ingrid med sine hunder var med. Fint at det er fleire som skal på ski for da er det lettere å komme seg ut.
Takk til dere

Daisy fekk springe laus fra starten  i kveld. Såg ut som ho likte seg bedre  i kveld. Er veldig greit så lenge det ikkje er så mykje folk der. Ho er så lydig at ho kommer på plass når det kommer andre så det er greit.  Ser at det går ikkje så fort nedover bakkene, men det er viktig å holde henne i form og så blir da  eg også i bedre form no som det ikkje er nokon som drar meg Er nok lang fram enda men ei begynnelse !!

Torsdag var vi i ridehallen og trena. Hovedmomentet denne gangen var innkalling. Og den var veldig bra. Bra fart inntil og rundt meg. Har slitt litt med å få ho til å holde tempo rundt og på plass. Ho har hatt bra fart fram til meg heile tida så den har eg vert fornøgd med, og no var farten rundt også på plass  
Vi  skal ta ein kvar gong framover.
Etterpå fekk eg Gunn Eva til å hjelpe med å følgje med på stå under marsj. Ho klikka hvis ho stoppa kjapt, og det gjorde ho. Skal nok terpe litt meir på denne.  Ho fekk vere inne i 1 og 1/2 time. La ho i dekk og gjekk fra fleire gonger. Men........ho har problem med neddekken. Ho treng dobbelkommando og det må eg få bort. Det mååååååå eg trene på framover. Har nok brukt den for mykje uten å vere bevist på det.
Og så må vi trene på avstandskomandering for det er nytt i klasse I.

Lørdag var vi i Krødsherad på jaktfeltskyting. Skaut berre 40 skudd i 2010 og har ikkje rørt børsa siden så eg tar det som trening.

Andre veka i 2011

Da er allerede andre veka over Det går mot lysere tider

Mandag var vi på ski sammen med Gunn Evaog Ivy, Ingrid og Vino. Det var vi også på onsdag. Daisy syns ikkje noko om å springe fort lenger så eg trur ho har vondt når ho må springe fort. Onsdag ville ho ikkje ut av bilen når vi kom opp til Solseter så det var tydelig at det var noko som ikkje stemte. Prøvde oss avgårde, men etter ei stund fann eg ut at vi får la ho springe laus og det såg ut til at det var bedre for ho. Da bestemmer ho tempo sjølv Om ho er egen eller om det er noko anna er ikkje greit å si, men ho er så grei at det går bra uten band. Vi traff Rune Isaksen med springer valpen på 4 1/2 måned og da var vi enige om at valper er FINE!!!!! Så kanskje..................... Etter kvart traff vi Kari og Ilva også. Da var Daisy frampå og bort å bjeffa litt på Ilva. Ville nok si fra om at ho hadde og oppføre fint  
Tirsdag var det lydighetstrening ute på kraftlaget. Greit nok for det var passe temperatur. Ruta gjekk sånn passe. Vi skal passe på å trene litt på den kvar gong no. Det kan hende vi får bruk for den til høsten. Det er målet i alle fall "klasse II"
Torsdag var det lydighetstrening inne i Ridehall. Dette har vi gleda oss til og det var greit sjølv om det var -2C grader der. Trudde det skulle vere fleire varmegrader. Men  i alle fall god trening. Skal planlegg litt meir egentrening til neste gang. 

Første veka i 2011

Skjedd litt av kvart denne veka.

Tirsdag var vi på lydighetstrening.  
Fri ved foten går veldig bra.  Må berre passe på å ikkje terpe for mykje på den no.
Skulle prøve ruta for det har vi gjort heime på gårdplassen Men det funka ikkje heilt sånn borte!!!!! Først brukte vi leike og 1 gangen gjekk ganske bra. Neste gang vart ho litt usikker. Skulle ho hente denne leiken eller? Så eg tenkte vi måtte prøve litt nærmere, men da mista ho farten! så det var ikkje lurt. Syns eg prøvde forskjellig, men kom fram til at eg i alle fall ikkje kan stå for nærme for da mista ho farten "for farten er bra, tar i gang raskt". Siste gangen vart det ganske bra, men det var nok berre tilfeldig, men ei grei avslutning. Stå under marsj fungerer bra, men eg skal få nokon til å følge med neste gang så eg kan belønne ståen. Er så vanskelig å sjå når eg skal fortsette å gå. Skal få dei til å klikke hvis det går bra. 
Etterpå hjalp vi Terje og Erox litt med halsmelding.  Ikkje så mykje å si om det.

Torsdag var vi på Bringo på lavinnetrening.
Frode hadde funnet på noko nytt. Det vart trena på markering på lite fert.
Han hadde gravd ned plagg og så blåste han fert igjennom eit rør ned for at det skulle bli menneskefert. 
Var veldig spent ettersom Daisy ikkje hadde prøvd seg på søk i vinter, men det gjekk veldig bra. Vi skulle belønne markeringen. Ho "slo" på lang avstand på 2 av markeringene. Den siste var litt verre fordi ho vart litt for usikker. Ho ville tilbake til den første ho fann i den haugen for ho hadde jo ikkje fått gravd den fram så var ikkje heilt ferdig med den. Ho rota litt rundt fleire gonger på den sitste, fekk liksom ikkje heilt bestemt seg for om det var noko ettersom det ikkje var så sterk "fert" men gjekk på fleire gonger og det vart bra. Vi skal prøve igjen til veka og da trur eg at ho skal få lov  å grave opp ein av tingene for at det kanskje skal bli ei forsterking for ho.

I dag har vi trena ute på gårdplassen og har no bestemt oss for at vi bruker godbter i boks i midten av ruta og det har fungert bra. Prøvde det først nokon ganger. Etterpå uten godbiter og det såg ut til at ho skjønner no at det er i midten av ruta ho skal 

1. nyttårsdag.

Godt nyttår til alle sammen!

Stille å rolig feiring! Litt overraska over Daisy. Såg ut om ho likte rakettene mindre i år enn tidlegare. Gjekk ein tur ved halv 12 tiden før det begynte for fullt. Det har forresten smelt i heile kveld uten at i har sett så mykje
Daisy gjorde ingen ting av det først på kvelden, berre litt nysjerrig på kva det var. Like før 12 da gjekk ho inn på rommet sitt å la seg i buret...... syntes  nok at det var tryggest. Vi gjekk litt ut på verandaen for å sjå, skal vi sjå dei flotteste fra Pers så må eg stå på verandaen.

I dag har vi vert å ski. Strålende "påskevær". Daisy synes ikkje det er så kult å gå på ski lenger. Såg det på ho at det var ikkje noko om å gjere å hoppe ut av bilen når vi kom opp til Solseter. Ikkje er det noko fart på ho heller så kva det er som gjer det veit eg ikkje. Ho halter ikkje når ho spring og heller ikkje etterpå. Ho får da heller ikkje lov å trekke, men ho går nesten for sakte for meg å det sier vel litt.......

Tviler på at det blir noko lavinnehund av ho i år!"

Torsdag 30. desember

I dag har vi vert ute å trent litt. Berre -2 grader jippi!!!!!!

Prøvde oss på ruta. Satte opp kjeglene og la ein leike forbi ruta og ga komando "gå fram". Funka som berre det. Ho kan jo kommandoen gå fram, men er litt usikker på om eg kan bruke den i denne sammenhengen også!
Skal i vertfall få farten til å sitte før vi gjer meir med den. Ho tar i gang og har stor fart så den skal vi terpe litt på. Går inn å gir ho ein godbit på midten av ruta så fort som mulig.

Fri ved  foten gjekk veldig bra! Går som klistra inntil så får berre håpe at vi får den til no. Terpa ikkje så  mykje på den......skal ikkje ødelegge den!

Tok litt stå under marsj og det går også bra. Innkallingen går bra heilt til ho skal gå rundt meg og komme på plass. Da mister ho farten! Må prøve å trene litt på det.

Etterpå tok vi oss ein sparttur Deilig å vere ute uten å fryse!

No blir det hjortesteik og rødvin!

Mandag 27. desember

Da vart det ein skitur i kveld også.

Kristoffer vart med, det er alltid koselig å vere fleire.  Daisy var ikkje så lysten til å komme i gang i dag heller. Men når vi kom i gang så gjekk det greit. Ho har nok ikkje den farten ho hadde før, men det ser ut som ho holder ut greit. Er litt vanskelig å sjå om ho halter når ein går bak for ho bruker den skuldra som er skada litt annerledes. Den er litt løysere i bevegelsen, men det ser ut som ho tramper nedpå likt med begge beina og det er det som teller.

Eg kjenner i armene at eg har gått på ski 2 dager på rad så i morgen skal vi finne på noko anna.

Søndag 26. desember


Etter flere dagers "etergilde" har vi vert på vinterens første skitur.

Strålende skiføre, men Daisy syntes det var litt kaldt i snøen så ho hadde egentlig ikkje så veldig lyst til å gå, men når vi kom i gang gikk det greit. Torde ikkje ta så lang tur i dag, må ta hensyn til skuldra hennes og sjå om korleis det går. Har nok ikkje den samme farten som ho hadde før ho vart  skadd, men sånn var det sist vinter også,  så det kan hende ho har bestemt seg for å ta det med ro og "sikre seg sjølv".

No håper vi på litt mildere vær så vi kan komme i gang med litt trening.

18. og 19. desember

Da er jaktsesongen ferdig for i år! SYND MEN SANT

Har hatt 2 dager med forferdelig klabbeføre. Hundene har vert plaga med at det klabber på pelsen. Både på potene og mellom beina. Store snøballer så det har vert vanskelig å springe! 

Hundene har jobba bra sjølv om det ikkje har blitt no dyr. Det er nysnø og ingen dyrespor. Dyrene har nok trekt nedover lia no.

Håper i alle fall at Daisy kan få vere skadefri så vi får ein bedre sesong neste år!
Fekk ikkje slept ho før langt uti november og da var snøen allerede kommet.

Har i alle fall hatt mange fine jaktturer sammen med Ilva og Kari
Takk til dere!

No starter vi med lydighet framover 

Torsdag 16. desember

Torsdag har vi vert på jakt med Ilva og Iko. Ilva støkka ut ein hare berre 20 meter fra Kari og ho var ikkje klar til å skyte!!!!!!!!!!!!!!! Dette kommer du nok til å huske Kari!
Iko hadde også ein fin jaktdag, men desverre ikkje noko dyr på han i dag. Leita veldig bra så han er blitt ein ivrig jeger. Det var kommet nysnø i dag så hundene hadde litt problem med ising. Dei såg ut som  snøballer etter kvart.
Daisy skulle prøve litt tilslutt. Lånte gps'n til Ilva og  det var bra.  Ho drog avgårde over ei myr og fulgte kanten bortover og på andre enden hørte eg ein "smech" og stille vart det. Såg at Daisy også stod stille ei lang stund. Tilslutt gjekk eg bortover for å sjå og da hadde ho jaggu tatt ei røye. Den må ho ha overraska under treet og den hadde ho smadra og var i ferd med å ha seg eit herremåltid. Ho viste nok at dette skulle ho ikkje gjere (men når ein er på slankern så kan det bli for fristende) for når eg kom bort forsvann ho fort oppover i skogen.  Ja, ja sånn er no jakta her da. Ilva tok faktisk ei rype i lufta i høst også så det ligg vel litt i slekta
Etterpå kom ho over noko som ho jobba  litt med på vei nedover, men det vart ikkje noko resultat av det.
Men vi hadde ein flott dag!

15. Desember

Vi møttes på Torpomoen og fekk litt info om korleis det nye rednings/kurssenteret skulle bli. Første fekk vi litt info om helikopteret og korleis piloten "såg" oss når han landa. Vi trente på innsjekk og utsjekk fra helikopteret. Dette er med tanke på lavinnehund. Var veldig moro å få litt innblikk i dette. Er litt bekymret om eg takler ansvaret det er å stå på ei vaktliste om eg skulle bli godkjent!!!!!!!. Er stadig i tenkeboksen
Vi trena på rutinene om  korleis vi skal forholde oss når vi "sjekker" inn på helikopteret. Tar på headset og seler, ta ombord hunden osv. Ein flytur fekk vi også. Var så konsentrert om korleis vi skulle forholde oss at merka nesten ikkje at vi var i lufta før vi hadde flydd ei stund. Landinga gjekk greit og utstiging. Daisy hadde ikkje noko problem med å forholde seg til motor/lufttrykket fra rotoren. Har nok ei sterk syke den "jenta".  Skjønte også fort at når helikopteret landa og tok av så kom det eit snødrev og da var det lurt og hjemme seg framom meg når eg satte meg ned med ryggen til helikopteret.

Mandag 13. desmeber

Rolig dag dette!

Daisy fekk på seg rødt blinkende lys i dag og så slapp eg ho oppi skogkanten.
Var så greit når ein kan sjå kor ho er. Men så fekk ho los på eit eller annet. Reiste av gårde, og eg stod der å bles i fløyta. Ho kom faktisk tilbake, men var fortsatt veldig opptatt av det som hadde vert i skogkanten. Det er i alle fall fint å ha lys på ho så ein kan sjå kor ho drar ut. Det er ikkje så lurt å la dei slippe til i mørket. Ein må i alle fall vere sikker på at innkallingen fungerer!!!!!!!

Gjekk oss ein tur bortover veien etterpå. Det er ei god stund siden vi har gjort det. Men må innrømme at det er litt kjedelig.  

I dag skulle vi ha vert på lydighet, men vart så seint før eg kom heim fra jobb så det er utsett til seinere. Må komme i gang no skal vi nå våre mål for 2011!!!!!!

Gleder oss i alle fall til etter jul som vi kan trene inne ein dag i veka.

No skal Daisy trene styrketrening på stuegolvet resten av kvelden!

11. og 12.desember

Vi har jakta i 2 dager no og ikkje sett eit spor av dyr! Kva har skjedd med all haren som har vert i skogen fram til no. Det har vert spor over alt og så kom det nysnø natt til lørdag og vi reiste så optimistisk på jakt. No skulle det bli moro ettersom vi kunne sjå spora, men nei............... ikkje eit spor å sjå!

Lørdag var det rundt 0 grader og vi fyrte opp bål så vi kosa oss og fekk tatt nokon bilder. Dei kommer etter kvart.
I dag har det vert 10 minusgrader så det har vert kaldt, men sol først på dagen. Vi kjørte opp på fjellet og starta derfra i dag også. Jakta......oss nedover om det kan heite det når vi ikkje ser eit spor og hundene ikkje har los. Ilva hadde ein los, men vart avslørt på gps'en at det antagelig var ein fugl for ho flytta seg ikkje, vart stående så Kari begynte å lure på om ho måtte sjå om ho satt fast!!!

Jakten vart 2 stk "juletrefangere" om dei fann eit brukande tre da 

Tok med Daisy ein tur opp  i skogen bak huset også for å sjå om det har vert noko hare der, men nei........heller ikkje der. Fann grop der det hadde ligget elg i går, det er nok det einaste dyret som har vert her siste døgnet.

Vi har hatt 2 trivelig dager med mykje frist luft og mosjon både for oss og hundene. Og best av alt........Daisy har ikkje vist tegn til halting. Er så glad for det så no håper eg vi har at for at vi har gått til opptrening på Hønefoss dyrehospital.

Det ligg forresten video fra at Daisy går på tredemølla der på bloggen demmes.

http://www.facebook.com/video/video.php?v=453970881262



mandag 6. - fredag 10 desember

Dette har vert ei stille veke. Alt for kaldt.

Daisy har fått springe 2 turer i skogen uten at det ser ut til å ha gjort ho halt! Det er det eg er mest redd for.

Ellers så har vi trena på ballen kvar dag og det gjer ho så bra. Er blitt så veldig opptatt at ho skal balansere og gå på ballen bortover uten støtte. Glemmer nesten at det er trening og ikkje sirkus vi driver med.

Så fekk vi ein liten piff til å drive litt lydighet. Avstandskomandering har gått veldig bra. Har trent litt på startene ved fri ved foten også og er veldig fornøgd med det også. Ho er så opptatt av å få godbiter at ho kan nok gjere det meste berre eg får ho til å skjønn kva ho skal.
Så skulle vi prøve på flat dekk!  Da hadde eg nok litt for store forventninger. Dette er ein kommando som ho aldri har lært sjølv om ho legger seg i flat dekk når vi trener fellesdekk, men det er nok berre for å få tiden til å gå!!!!!!!!

Vi har prøvd på nytt i dag etter litt tips fra Hilde Eidal (takk Hilde) Starta med å peke framom ho med pinnen, men ho var berre så opptatt av belønningen at ho krabba framover. (Det er vel litt dumt for da kan eg vel ødelegge dekken også ved at ho forflytter seg) Måtte da det heilt med ro og eg har belønt kvar gong ho har hatt haka i golvet. Vi skal i alle fall fortsette litt framover å sjå om vi får noko forstålse for det.  Har ikkje heilt bestemt komandoen enda, men trur det blir "ned"

Søndag 5. desember


Det vart ein og ein halv time i skogen i dag også.
Det er så mykje harespor i skogen.  Flere plasser har den gravd opp og  det er harelort, men det er ikkje ferskt. Hvor er den reist! Hadde vert så moro om Daisy kunne fått ein harelos no.
Da vi kom ned mot huset kom ho plutselig på no spor på jordet som drog oppover mot skogsvegen. Der leita ho og fann sporet videre over vegen og oppover i skogen. Losa ca 3 minutter og så kom ho tilbake samme vegen. Leita lenge på bakspora, men det vart ikkje noko meir. Ingen los da i alle fall og det er bra.
Neste helg må vi få til ein ordentlig jaktdag!!!!!! Skulle så gjerne ha skutt noko for Daisy eller Ilva. Helst for begge to.
Ser at Daiys halter når ho reiser seg opp etter å ha ligget, men når ho får tatt noen steg så kommer det seg, så eg trur ikkje ho har vondt av desse turene våre. Håper i alle fall det. Trur vi må belage oss  på at det er sånn det blir.

lørdag 4. desember

I dag har vi baka lefsekling. Og steika lapper!

Kristoffer har steikt og eg har kjevla så no er vi fornøgd.

Daisy fekk også ein times tur i skogen, men det ser ikkje ut som ho er fornøgd.
Kunne nok tenkt seg ein legre tur så i morgen får vi gå å sjå etter hare/rådyr
Så synd at det er så kaldt og så lita tid til jakta er over.
Neste år skal vi ikkje ha noko skade altså!!!!!!!!!!!!!!!!! No skal ho få bli jakthund

Rolig uke treningsmessig

Daisy syns nok ikkje så mykje om denne veka. Inneveke  kan vi kalle det
Alt for kaldt til å vere ute å trene. Har prøvd å ta ho med en tur kvar dag, men det har ikkje vert så veldig om å gjere

I går var det styremøte i Redningshundene så da gjekk kvelden  med til det. Vart middnatt  før eg var heim og var ikkje så trøtt heller! Først var eg oppom til Kristina ein tur. Hadde med to lakris som det ikkje var meininga at Mari skulle spise. Tenkte at hvis ho fikk ein i kvar hand så kom ho til å gå, men nei! Ho tok ikkje sjansen, men ho ville gjerne smake på lakrisen. Det var litt av eit syn når lakrisen rann nedover munnvikene på begge sidene. Såg ut som ei snuskjerring

I kveld har eg laga deig til lefsekling. Kristoffer skal vere med å bake  i morgen så da har vi jobb. Han syns vi må ha det til jul. Det har vert tradisjon det å bake lefsekling til jul. Sist jul vart det kjøpt og da blir det i alle fall ikkje like mange.  (Da Kristoffer var liten brukte han å gi litt til kyrne i Ransedokken også) Det blir vel ikkje det i år.  Ja  det var uten at vi viste det da!

Mandag 29. november

Var ein sjapp tur i skogen etter jobb for å lufte Daisy, men det var ikkje så veldig om å gjere for ho heller så eg trur ho er blitt ein "FRYSEPINNE".  Det var velig greit for meg å gå inn.

Er veldig daff i dag så det har ikkje blitt gjort stort. Daisy har trena litt på ballen. Ho er så vill etter godbiter at ho klarer å gå /rulle bortover golvet med den sjolv no så ho har fått litt av ein balanse.  Kanskje vi skal satse på cirkus

Ser ut som det blir dårlig med lydighetstrening ute denne veka for det er meldt -20 C framover.

Søndag 28. november

Utstilling!

Hadde ein fin tur til Lillestrøm på utstilling. Gleda meg veldig til å sjå på wachtelhundene. Men sitter at med ei "ullen" følelse. Fekk beskjed på fredag om at dommeren hadde trekt seg og at wachtelhund vart flytta tii ein annen ring med ein ny dommer.  Følte ikkje at dommeren var like glad for å måtte bedømme wachtelhund. Det gjekk i hurten og sturten.  Ho hadde nok ikkje lyst til å bedømme hundene berre bli ferdig med det. Hundene fekk ein runde samla og så var det å sjå  på tenna samtidig som ho dytta litt i skuldra. Så sprang ho bak bordet og fekk satt seg ned og det såg nesten ut som ho satt å sukka.
Vart i alle fall ingen røde sløyfer på Daisy's valper.  Ivo og Iris fekk blå og Ilva gul.
Ilva vart nok mest dømt etter at ho stoppa opp litt når ho skulle gå. Var lite villig til å vise seg fram stod det i kritikken. NEI DEI MÅ FÅ EIN WACHTELHUNDDOMMER TIL Å DØMME. Det var ingen av hundene som fekk noko kommentar verken positivt eller negativt på pelsen.
Det vart utdelt 3 røde sløyfer og det vart til BIR og  BIM og den eine som stilte i championklassen. Var forresten ei fin tispe som vart BIR Degerhammars Trissa.

Nytta sjanen til å ta ein titt på eliten i lydighet også. Mange flinke, men det forundra meg at det ikkje var fleire som var interessert i å sjå på.

Fekk sett oss litt rundt også. Bente fekk noen ideer til neste års wachtelhundstand på Elverum. Kanskje må vi ha ein på Lillestrøm også hvis vi blir ein egen raseklubb innen den tid!!!!!!! (Bente, har du hugsa å notere ned ideene) 

Takk for ein koselig tur til Kari og Sissel.  Gleder meg til det blir fuglehundprøver for Alto for da kan det hende vi kommer å ser på. Så Sissel ut å tren. Du må ta kontakt med Tone Bidne så får du nok både hjelp og gode råd. Ho er ein ivrig fuglehund-eiger.

Lørdag 27. november

Iskald liten "jakttur"

Hadde eit veldig håp om ein hare i dag, men begge hundene var treg å få igang i dag. Kaldt på føttene!!!!!! Må få sko

Først så prøvde vi Ilva og la Daisy i "Jervehiet" , men ho var ikkje no lysten på å gå ut så vi vart enig i at vi prøvde begge samtidig for å sjå om vi fekk dei ut til kvar sin kant. Etter litt så funka det. Men det fantes ikkje dyr i området i dag

Ilva hadde nok noen små loser så det var nok nokon spor i området, men kor gamle dei var er ikkje greit å si. Ikkje noko ut av det annet enn at hundene fekk ein halvannen times tur og det er bra.  Litt luft vart det på Kari og meg også!

I morgen skal eg vere med Kari til Lillestrøm, gleder meg veldig til  å treffe wachtelintereserte. Ilva skal stilles ut og det veit eg at det er fleire prinsesser som skal. Var det ikkje sånn Iris? Ses i morgen!

26. november

No har det vert noen dager med innetrening.

Alt for kaldt ut. Over minus 15 da er det ikkje noko vits å ut annet enn til det nødvendige ærend.

Men vi har trent på ballen inne og så har Daisy gått til "trillebår" Det er veldig bra trening for skuldrene. Ho har egentlig ikkje så lyst til å gå "trillebår" så det er sikkert veldig tongt, men når vi legg ein godbit i enden så går det veldig bra.
I morgen satser vi på ein liten tur på hare/rådyrjakt. Blir nok ein times tur for å sjå om dei får noko los. Ilva og Kari ville også bli med så vi tar nok med hagla.


Mandag 22. november

Siste vanntreningsdagen i denne omgang. Litt rart også at vi ikkje skal til Hønefoss på ei stund, men godt skal det bli Vi er i  alle fall veldig fornøgd med hjelpen vi har fått der. Og så alle dei trivelige folkene.

Motivasjonen var nok ikkje heilt på topp i dag, men med godbiter kan ein få til mykje.  Ho var nok litt stjøl etter gårdsdagens jakt, men gjennomførte programmet. Treningen på ballen gjekk også greit. Og så gjekk ho litt "trillebår" og da måtte ho i alle fall gå mot ein godbit.  
Sofie meinte at ho var litt stiv etter jakta i går, men det gode er at ho var like stiv på begge sidene så det viser  i alle fall at ho belaster begge frambeina likt. Samme var med bakbena, samme musklene som var stive på begge sidene.
Etter massasjen så gjekk vi til eit annet rom for at Sofie skulle sjå litt på det eine auga til Daisy for det såg ut som ho hadde noko på det på lørdagskvelden, da hang det og så drog ho det "tredje" augelokket (Trur det er det dei kaller det) opp slik at ho beskytta auga.  Søndag var mykje bedre, men ettersom vi var der ville ho sjekke det. Dei draupte ei slaks grønn kontrastveske på auga. Hvis det var noko på auga skulle det ikkje bli grønt der. Men det så greit ut. Dei sjekk også at ho hadde passe med tårer. Dei sette inn eit slags strips av papir og så kom det ein strek fram som viste tåreproduksjon.  Det er litt for mykje blodkar der og litt betent. Hvis det ikkje går over på kort tid så skal eg hente ut ein resept eg fekk med meg, men håper det går greit uten.

Til slutt så klippte dei klørne hennes og det er absolutt det verste som kan skje.
Måtte nesten le Eg tok ho på fanget og så klipte Sofie klørne, mens Tonje matet henne med godbiter.

Trur fortsatt ho har ei god følelse for alle sammen der!

Søndag 21. november

Rådyrjakt!

I dag har Daisy fått bli med på jakt også. Var nok  ute i nesten 2 timer. Fekk i alle fall 3 lange søk. Innimellom gjekk ho i band med dekken på seg for å prøve å skåne ho så mye som mulig.
Vart plasser i bilen da vi kom ned mot huset til Kari og Gunnar. 
Ole Kristian og  Gunnar gjekk opp og posterte fra den siden. Eg og Kari kjørte opp og slapp hundene fra fjellet.  Det vart  litt smålosing, men ikkje noko ordntlig så det var ikkje dyr i området. Det var veldig mye harespor.

Vi gjekk inn for å ta ein kaffe og da stod det plutselig 2 rådyr nedenfor huset. Vi kom oss fort ut, men dei reiste kjappere enn Ole Kristian og Gunnar som meinte at no skulle dei  få skutt.  Vi gjekk fra kaffen og slapp Ilva, men ho reiste litt avgårde og bråsnudde og reiste på bakspora.  Skjønner ikkje det, men det må vere fordi dei var så ferske. Det vart jo snakk om berre minutter.

Kari, Ilva og eg kjørte nedover og starta på jordene for å finne ut om dei hadde reist nedover. Det hadde dei nok ikkje gjort, men vi fekk oss ein fin trimtur oppover skråningene Ole Kristian var på ovasida av huset og såg eit rådyr uten at han hadde skuddsjanse.  No meir såg vi ikkje til dei og Ilva fant heller ikkje dyra. Så da er dei spara til neste helg

Ein fin dag vart det alikevel.  Og det beste med alt. Daisy er halter ikkje. Var så spent når eg skulle ta ho ut fra bilen når vi kom heim. Jammen skal ho få prøve seg neste helg også!


Torsdag 18. november

Her er "treningsstudio"  til Daisy.

Prøver å trene forskjellige øvelser på ballen. Ho strekker seg opp og eg rører på ballen slik at ho må bruke musklene for å holde balansen på ballen.
Ho trener veldig gjerne berrrrrrre ho får "godbiter" Har blitt ein reser.

Skulle ha vert ut å gått tur, men er så lat i dag. Alt for kaldt. Egentlig skulle vi vert på Torpomoen på lydighetstrening, men det får vi ta at til uka,  for da er vi ferdig i Hønefoss. Siste treningsdag der på mandag.  Da håper eg at vi kan komme tilbake i vanlig tralt igjen.

Onsdag 17. november

10. Vanntreningsdagen.

Treningen gjekk veldig bra i dag også!

Fekk veldig mye trening på ballen i dag og det såg vi når ho skulle trene på balansebrettet at ho var sliten i armen. 

Masasjen var såååååå behagelig så no er ho blitt veldig glad i det.  Må bli flinkere til å  følge opp med det heime no. 

Fekk litt tips om korleis vi skal strekke ut og drive masasje i skulderleddet.
No er ho så sterk at ho må gå "trillebår" Syntes ikkje det var no kuult først, men når eg stod i eine enden med ein godbit så var det greit.

Tirsdag 16. november

Valpene til Daisy og Kalle er 2 år.

Gratulerer!

Ixa, Iko, Ira, Ikita, Iwri, Iris, Ivo, Isa, Ida, Ilva og Ineks.

Mandag 15. november

Da vart det litt lydighetstrening i dag.

Fri ved foten veldig bra. Tenkte no at no skal vi ikkje dra den for langt og heller gi oss mens den er bra.

Stå under marsj var og så bra første gangen. Trur ikkje ståen var så bra 2. gangen.  I alle fall stod ho ikkje heilt rett, men skeivt. Ho flytta seg ikkje og det var i alle fall bra.

Inkalling var også bra. Rask til å komme i gang og mye bedre rundt meg og på plass, men satte seg veldig skeivt. og det er ikkje så bra.

Vi leika litt og det var topp. Ho sprang  og spann rundt som berre det og eg kan ikkje sjå noko tegn til halting. Turte ikkje å ta meir enn ei økt ettersom det var så kaldt. Er så redd for at ho er kald og kan ødelegge noko. Vi trena heller på ballen når vi kom heim. Den mestrer ho så bra. Ballanserer på ballen uten støtte så ho er i alle fall blitt sterk.

Søndag 14. november

I dag har vi testet litt og Daisy har fått springe laus i skogen i over ein time.

Det vart heldigvis ingen los for det kunne kanskje ha gjort til at ho hadde tatt ut litt ekstra.

Ser fortsatt ikkje ut som ho halter. Litt når ho har ligget rolig lenge, men det er berre eit par steg og så er alt bra.

I morgen skal vi teste litt ekstra på lydighetsbanen så da får vi sjå korleis det går. Håper det går like bra for no er det berre 2 ganger igjen i Hønefoss. Håper jo at det har hjelpt

Lørdag 13. november

I dag har Daisy fått løpe nesten 1 time fritt i skogen og det er ingen tegn til halting.  Gjett om eg er fornøgd??????????

Torsdag 11. november

9. vanntreningsdagen.

Nok ein treningsdag. Fortsatt like fornøgd. Hadde med kamera i dag så eg fikk tatt noen bilder. Daisy gjekk bra heile tida. Ikkje så mykje å skrive om det.

Balltreninga gjekk også greit. Måtte stå på begge frambeina på ballen i dag. Det har ho ikkje gjort før,men dei meinte ho var så sterk i den skada skuldra no.
Såg også at ho syns massasje er blitt bedre.  Står å nyter det no

Fekk også vaksine i dag. Greit å få gjort det når vi er der alikevel.

Onsdag 10. november

Lydighetstrening sammen med Gunn Eva og Tine i bitende kulde. I alle fall når ein møter opp i joggesko!

Var veldig spent på korleis dette ville gå no. Trur ikkje ho halta Blir så ein følger med heile tida. Gjekk fint fri ved foten, fulgte bra med, men det er ikkje så rart for ho er sultefora på godbiter! 
Trena innkalling fra holt og stå under marsj. Ståen var veldig bra.

Trena også litt avstandskomandering når vi kom heim i går kveld. Ingen tegn til halting i dag!!!!!!!

Mandag 08. november

8. Vanntreningsdag.

Da har Daisy gjennomført 8. gangen på tredemølla i vann og dei er veldig fornøgd med ho.Får ho ikkje til å trave på tredemølla, ho går fort i staden.  Skulle sett korleis ho går når ho traver. Ho går som regel over i galopp når vi går i skogen også i staden for å trave.

Det ser no ut som ho holder den skada skulderen/foten tettere inntil også så det ser ut som det går veldig. bra.  Muskulaturen er jevn på begge sidene så  det må bli bra dette

20 minutter tilsammen og så var det treing på ballen etterpå. Ho veit at ho får godbiter så hopper opp og er så fornøgd. Ser at ho blir sliten til slutt så det er i alle fall bra trening.

Var med 2 elver som var utplassert fra ungdomsskolen i dag og dei syntes Daisy var så søt!!!!!!!

Torsdag 4. november

7. Vanntreningsdagen.

20 minutter tilsammen. Første økt med høgt vann over skuldra ca 8 minutter.
Etterpå senka dei vannet for å sjå korleis ho gjekk. Ho løfta føttene veldig  og når dei sette på raskere tempo så ville ho ikkje spirng. Berre gå fortare og det var ikkje målet.  Ser at ho beveger høgre skulder litt meir enn den andre når ho går. Det kommer antagelig av at dei skrå musklene ikkje holder så godt på plass enda.Kanskje blir det slik framover, men fungerer foten like godt så gjer det ingen ting.
Det er ikkje så rart heller at ho ikkje viil springe synes eg. For å legge på sprang så vil du som regel ha det åpent framom deg. Her blir det det samme som å springe rett  i ein glassvegg. Daisy er ikkje dum!!!!! så eg skjønner ho godt

Etterpå var det trening på ballen og det går veldig greit. Dei meiner det er veldig til trening for ho sjølv om det ikkje ser slik ut Det er i alle fall god trening for å takle bevegelig underlag.

Til slutt massasje som vanlig. Ser ut som ho liker det bedre for kvar gong

Tirsdag 2. november

Hadde tenkt oss på lydighetstrening i dag, men så kom eg på at Daisy er høyløpsk og det er kanskje litt "frekt" å komme der akkurat i dag når vi ikkje har vert der på flere måneder.
Vi får starte neste veke med lydighet.

Var ein tur oppi skogen i stad så ho fekk springe litt laus. Merker i alle fall ingen halting enda. Får håpe det går bra.

Får trene litt ekstra på ballen i kveld  Syns synd på ho for det blir alt for lite aktivitet i forhold til det ho kunne tenke seg. Hadde ho berre skjønt at ho skulle ta det med ro, men nei!!!!! Full fart så fort ho får springe laus.

Mandag 1. november

6. Vanntreningsdagen.

Var veldig spent i dag fordi ho halta på lørdagskveld og søndag når ho reiste seg opp. Fekk springe litt for mykje laus i skogen på lørdag. Må snart komme i gang!!!!!
Men såg ikkje antydning til halting i dag. Fekk 18 minutter tilsammen på tredemølla, med vann opp til toppen av skuldra. Blir veldig tungt å bevege seg da så det er bra trening.  Etterpå var det trening på ball og massasje til slutt.
Veldig fornøgd.

Søndag 30. oktober

Har vert på rådyrjakt  i dag. Har ikkje sett eit einaste rådyr.

Ilva hadde los på ein hare som kom 10 meter fra Gunnar, men han hadde rifle og det kunne han ikkje skyte med.

Kristoffer var med på jakt i dag og han hadde hagla mi så eg hadde heller ikkje kunne skutt. Kari og Kristoffer som hadde hagle såg ingen hare!!!!!!!Så da så!!!!!!!

Bedre lykke neste gang.

onsdag 27. oktober

5. Vanntreningsdag.

Veldig fornøgd. Kjørte 3 økter. Første 7 minutter, andre 6 minutter og tredje 5 minutter.
Daisy gjekk veldig fint heile tida så det var eit prakteksemplar også denne gangen. Håper berre vi ikkje får no halting no for da blir eg så oppgitt.

Etter vanntreninga var det trening på ballen. Dei hadde fått ein avlang ball no og den kan ho stå på med alle fire beina. Veldig moro. Ikkje noko problem det når ho først hadde prøvd den. Dei beveger ballen sånn at ho får trena alle balanse-muskelene.  
Etterpå hoppa ho opp sjølv. Dette skulle alle hundene som trener ruin hatt! Kjempefin trening på bevegelig underlag.

Til slutt var det masasje. Trur faktisk at ho likte det denne gangen. Såg at ho slappa veldig bra av innimellom.

Torsdag 21. oktober

Daisy's 4 vanntreingsdag.

I dag vart det 15 minutter tilsammen. Det vart egentlig litt meir enn planlagt, men alt gjekk veldig bra så det gjer ingen ting.

Mandag 18. oktober

Daisy's 3. vanntreningsdag.

I dag hadde dei fått treningsball som ho skulle gå opp på med forbeina. Det var heilt ok. Ingen redsel for det. Ho skulle streke seg opp og ned mens ballen bevega seg. Skal trene alle musklene og det gjekk greit. Får jo godbiter i      fleng 

Vi reiste opp på Elexis og kjøpte treningsball til ho. Sa eg skulle ha den minste dei hadde. Dei lurte nok på om eg var veldig kort i beina, så eg måtte si at det var til hund så dei slapp å sjå så rart på meg.

No skal vi trene litt på ballen kvar dag heime.

Tredemølla gjekk greit.

Onsdag 13. oktober

Daisy's 2. vanntreningsdag.

Her huska ho nok at ho hadde fått mykje godbiter for det var full fart inn.

Ikkje noko problem her nei.

Mandag 4. oktober

Daisy's 1. vanntreningsdag.

Endelig var tredemølla i vann klar til bruk.

Trur dei var spente på korleis dette ville gå. Det er nytt for dei også dette. Ho blir liksom ein prøvekanin. Eg var ganske sikker på at ho ville takle dette, og det hadde eg rett i.
Ho gjekk inn på tredemølla og det vart stengt av i begge endene før dei starta med vannfylling. Daisy syntes nok det var litt rart med det var heilt ok. Da dei starta tredemølla stod eg med ein godbit som ho skulle få slik at ho skjønte at ho måtte starte å gå. Dette gjekk så bra. Starta med 3 minutter over 2 ganger.

Etterpå vart det masasje.

Her syntes nok ho det var greit å vere for ho fekk så mange godbiter. Dei er avhengig av at ho har lyst til å vere der for ellers får dei ikkje til treninga.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

Bente og Arne | Svar 19.10.2011 07.29

Lykke til med prøva i Sverige til helga!!!
Venter spent på oppdatering

Ingvild 19.10.2011 18.39

Ja her var det lite oppdatering å sjå i alle fall. Må vere veldig opptatt den som skal oppdatere her

Ingvild | Svar 18.11.2010 11.46

Hei
Ja vi må prøve å jakte til helgen. Lørdag eller søndag?

Kari og Ilva | Svar 17.11.2010 23.55

Så flott å se at det går bedre med Daisy:) Skal vi jakte en dag til helgen? Klem fra Kari og Ilva Tror jeg må også få sånn nettside:)

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

19.10 | 18:39

Ja her var det lite oppdatering å sjå i alle fall. Må vere veldig opptatt den som skal oppdatere her

...
19.10 | 07:29

Lykke til med prøva i Sverige til helga!!!
Venter spent på oppdatering

...
16.05 | 12:43

Se der ja så fin ..........

...
20.04 | 20:39

En riktigt GLAD PÅSK önskar vi!!!!

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE